Reglar

  1. ULAN er eit rusfritt arrangement. Rus påverka personar vil bli bortvist frå arrangementet, og eventuelle rusmiddel vil bli konfiskert. Politiet kan verte tilkalla ved behov evt føresette.
  2. Røyking er ikkje tillat i lokalet og skal kun skje utanfor området. Om du snusar skal brukte snus klyser kastast i søppel.
  3. Når du ankjem ULAN må du betale fyrst (Om du ikkje ar gjort dette online), deretter vert det tildelt band. Bandet du får tildelt er du sjølv ansvarleg for, mistar du det må du betale for eit nytt. Har bandet blitt øydelagt må du betale ei avgift i vakta for å få eit nytt.
  4. Plassen du har vald på preseat.no er din plass under heile arrangementet. Om du vil bytte plass må du ta kontakt med VaktCrew.
  5. Kjøkkenet er ikkje tilgjengelig for deltakarar. Vi har kiosk i salen med godt utval og god mat. Tillegg til mikrobølgjeomn som deltakarane kan bruke. Oppvarming av pizza skjer gjennom KioskCrew.
  6. Deltakarane skal sørge for å halde det ryddig rundt plassen sin. VaktCrew kan pålegge deltakarar å rydde rundt sin eigen plass. VaktCrew vil gå runde å samle inn pant og søppel i jamne mellomrom.
  7. Soving skal foregå i “soveseksjonen” som er en oppdelt del av salen som er tillaga for soving.
  8. Det er forventa at du utøver vanlig folkeskikk og at du fyljer norsk lov under arrangementet. Respekter dei rundt deg eller aksepter konsekvensane. Lovbrot og hærverk vil bli meldt til politiet.
  9. Kvar deltakar får ein plass på 100x75cm. Alt du får plass til av datamaskin, konsoll, tv/skjerm er i prinsippet tillat. Kvitevarer som kokemateriell, kjøleskap eller vaffeljern er ikkje tillat grunna brannsikkerheit.
  10. Eit straumuttak og eit nettverk­uttak vert gjort tilgjengelig pr. Deltakar. I tillegg prøvar vi å halde eit fungerande WLAN. Om straumen går på ei rekke kan VaktCrew kreve at unødig utstyr vert fjerna.
  11. Du er sjølv ansvarleg for eige utstyr. Lat ikkje verdisaker liggje synleg om ikkje du eller nokon du stolar på er i nærleiken. Vi har ikkje hatt problem med tjuveri på våre arrangement , men betre føre var. Sørg for oppdatert antivirusprogram for din eigen skuld såvel som andre. Om det skal oppstå eit tjuveri skal det varslast til VaktCrew.
  12. Dyr er ikkje tillat i lokalet grunna allergiar.
  13. Det er ikkje tillat å snike seg inn i lokalet. Vert dette oppdaga, vil du verte utestengd på ubestemt tid. Prøvar du som deltakar å ta deg inn i rusa tilstand, vil du bli bortvist og du får hente utstyret ditt tidlegast neste dag, då i følje med føresett om du er under 18.
  14. Skulle det oppstå eit tilfelle, grip tak i nærmaste Vakt eller Crewmedlem og gjer dei kjent med situasjonen. Vi har personell som er trent i alt frå fyrstehjelp til datateneste.
  15. Kos deg og ha det gøy. Hugs at mobbing er ikkje tillat, om det skal oppstå noko som ikkje har blitt sagt ovanfor, ta kontakt med crew. Vi er her for din velferd.